Siste nytt fra kodeklubben:

  • Våren 2018

    Vårprogrammet for kodeklubben er klart! Vi legg ut alt som eigne hendingar etterkvart. Kodeklubbane framover foregår på langbordet på biblioteket, frå kl 1800 til 1930 med mindre anna vert annonsert. Her er datoane de må setje av:

    24.01 – Spelverkstad del 1. Vi lagar spel i Scratch og skal mellom anna nytte webkameraet som kontroller.
    07.02 – Spelverkstad del 2
    21.02 – Koding i Minecraft.
    07.03 – Python. Dette er ikkje ein slange, men eit kodespråk.
    21.03 – Python del 2
    05.04 – RobotRagnarokk. Skrøpelege robotar med våpen, kva kan gå galt? Veldig mykje håper vi!
    19.04 – RobotRagnarokk del 2
    03.05 – RobotRagnarokk finale. Endetida er komen, for robotane.
    24.05 – Appverkstad, vi lagar mobilapp (med MIT AppInventor)
    06.06 – Appverkstad del 2

    Nokre av opplegga kan kome til å kreve påmelding. Dette vil i så fall bli opplyst om på facebook-hendinga.

  • Kodeklubb på Arena

    Kva er vel ein betre måte å feire det nye biblioteket vårt enn å ha ein kodeklubb på sjølvaste opningsdagen? Vi skal lage animasjonar for biblioteket og den som har microbit må ta med denne. I tillegg så skal de få møte roboten Ruffen…

    Vi skal vere på området inne til venstre på det nye biblioteket.

    Ta med eigen pc og festhumør!

    Vi møtest på Ulstein Arena i det nye biblioteket kl 14 laurdag 2. desember. Vi er i området til venstre når du kjem inn hovudinngangen. Ser du ein robot har du kome rett.

  • Oppstart for hausten

    Endeleg oppstart for kodeklubben igjen! Vi ønskjer nye og gamle medlem velkomne til å byrje kodehausten. Det vil bli litt info om opplegget for hausten og kva kodeklubben er for noko. Alle som tek med laptop kan få prøve litt koding sjølve. Vi har utfordringar til store og små, nye og erfarne. Kodeklubben handlar om skaparglede og digital meistring.

    Praktisk info:

    * Møt opp torsdag 7 september kl 18 på Ulstein Ungdomsskule (det er slutt ca 1930)
    * Ta med laptop (mac, pc eller chromebook)
    * Foreldre må hjelpe borna sine å kople seg på gjestenettet (det krev pålogging og epost/mobilnr)

    Følg med på facebook for oppdatert info: https://www.facebook.com/events/115084355857738

  • Laurdagskoding med microbit

    Ny kodekveld komande laurdag!

    Møt opp på loftet kl 12 som vanleg. Denne gongen blir det microbit og ei ny type utfordring, stikkord er ståltråd. Hugs å ta med laptop! Ta gjerne med microbiten din om du har ein sjølv.

    Facebook hending.

  • Spel på Microbit

    Endeleg koding igjen!
    Årets første kodeklubb skal handle om Microbit (www.microbit.org). Dei som har fått ein slik i julegåve kan ta den med, alle andre får låne med oss. Denne gongen skal vi prøve å lage eit spel på microbiten.

    Som forrige gong blir vi på Ulstein Bibliotek sitt loft. Møt opp torsdag 19.01 kl 1730 – 1855.
    -Hugs å ta med eigen PC.
    -Ta med microUSB-kabel om du har.
    -Passar best for 4. klasse og oppover.
    Velkomen!

  • Julekoding!

    julekort

    Vi skal lage julekort, men i staden for saks og papir skal vi nytte koding og animasjonar!

    Det er fint om foreldra hjelper til med å opprette Scratch-konto på førehand viss ein ikkje har det (http://scratch.mit.edu/). Då blir det lettare å sende julekortet til andre. Dei som vil kan og få leggje ut julekorta sine på kodeklubben sin Instagram.

    Alle må ta med eigen laptop!
    Dette passar best for 4. klasse og oppover.

    Kodeklubben held til i andre etasje på biblioteket.

    Facebookhending her.

Kontaktpersoner

Navn: Leif Rune Solås
E-post: leif.solas@gmail.com
Rolle: Koordinator

Finn oss her