Konseptet «Kodeklubben» er eit gratis fritidstilbod for barn og ungdommar som vil lære seg programmering og bli kjent med informasjonsteknologi. Kodeklubben Orkdal er ein av over hundre kodeklubbar rundt om i landet, og er organisert under bevegelsa Lær Kidsa Koding (LKK). Klikk på denne lenka for å lese meir om kva LKK er: https://kidsakoder.no/om-lkk/.

Kontakt oss viss du vil bidra som frivillig!

Siste nytt fra kodeklubben:

  • Kodekurs i veke 17 (rett etter påska)

    *** DET ER FRAMLEIS MANGE PLASSAR ATT! MELD DOKKER PÅ! ***

     

    Kodeklubben Orkdal inviterer nok ein gong til kodekurs for elevar på 4. til 10. trinn i Orkdal-området!

    Kurset vil gå over to kveldar: tirsdag 23. og onsdag 24. april, frå 17:30 til 19:00, på Grøtte skole.

    Denne gongen skal vi bli kjend med Sphero, ein liten robot som vi skal programmere frå nettbrett ved hjelp av eit «drag-og-slipp-programmeringsspråk» som er veldig likt Scratch (altså legoklossar i forskjellige fargar som ein flyttar rundt på skjermen).

    Kurset er både for dei som ikkje har noko erfaring med programmering eller knapt har høyrd om det, og for dei som allereie har vore på kurs eller lært om det på eiga hand.

    Klubben stiller med nettbrett. Det einaste du treng å ta med er godt humør, og kanskje ein venn?

    Foreldre er også hjarteleg velkomne, enten dei berre er nysgjerrige eller ønsker å vere med som assistentar.

    Kurshaldar er Elena Selbekk, og Mads Møkkelgård Øyum er med som assistent. Spørsmål om kurset tekst med Mads på mads.oyum@outlook.com eller +47 97 41 28 65.

    Påmelding blir gjort via denne lenka: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=DQSIkWdsW0yxEjajBLZtrQAAAAAAAAAAAANAAf7qsF5UNjlTMlVEQTJUQVNXQlhVQ0xYWVZBTEVZTi4u)

    Sprei ordet! Ta med ein venn! Legg ut info i klassegrupper på Facebook!

    Vi sest på kurs!

  • Kodekurs i veke 43 og 44

    I veke 43 og 44 arrangerer Kodeklubben Orkdal kodekurs for elevar på 4. til 10. trinn i Orkdal kommune. Kurset er for både dei som ikkje har noko erfaring med koding, og for dei som allereie har vore borti det.

    Kurset er delt inn i fire samlingar, og vil foregå på Grøtte skole frå 17:30 til 19:00 på følgande datoar:

    • – Måndag 22. oktober
    • – Ondag 24. oktober
    • – Måndag 29. oktober
    • – Torsdag 1. november

    Programmeringsspråka vi skal arbeide med er Scratch og Python. Begge desse språka er enkle å lære seg, og passar derfor godt for nybegynnarar. Spesielt Scratch er godt egna for å lage spel, og det er nettopp det vi vil bruke mest tid på på kurset, da det å lage spel er ein veldig effektiv og ikkje minst artig måte å lære koding på. Det er lagt opp til at dei yngste kursdeltakarane skal halde på med Scratch på alle samlingane, medan dei eldre går over til Python på den tredje samlinga.

    Deltakarane må ta med PC (viss dei har). Foreldre er også hjarteleg velkomne, enten dei berre er nysgjerrige eller ønsker å vere med som assistentar.

    Ansvarleg for kurset er Mads Møkkelgård Øyum. Alle spørsmål om kurset tekst med han på mads.oyum@outlook.com eller +47 97 41 28 65.

    Påmelding gjerast via skjemaet under! (Eller via denne lenka: https://goo.gl/forms/D7LPR3naiaN53gYb2)

    Viss du vil vite kvifor ein bør lære koding, kan du lese om det her: https://kidsakoder.no/skole/motivasjon/

    Og viss du vil vite meir om kva LKK er, kan du ta ein titt her: https://kidsakoder.no/om-lkk/

    Vi sjåast på kurs! 🙂

     

  • Historia til klubben

    Våren 2016

    Rett før påska 2016 blir Kodeklubben Årlivoll starta av en gjeng ungdomsskoleelevar på Årlivoll skole med Mads Møkkelgård Øyum i spissen. Klubben held kodekurs ein dag i veka for elevar på skolen: eitt kurs i Scratch for 5.-7. og eitt kurs i Python for 8.-10. Totalt deltar 22 elevar på kodekursa.

    Desember 2016

    I samarbeid med kodeklubben, arrangerer elevrådet på Årlivoll skole Kodetimen. Alle klassane på skolen gjennomfører ein skoletime med koding: dei yngste leikar med Angry Birds-figurar på Code.org, medan dei eldre får prøve seg på Processing.

    Februar 2017

    Mads Møkkelgård Øyum inngår eit samarbeid med Øyvind Rasmussen om ein kodeklubb for heile Orkdal kommune, og klubben endrar derfor namn til Kodeklubben Orkdal, men på grunn av for få påmeldte kan dessverre ikkje klubben starte opp det planlagte kodekurset.

Kontaktpersoner

Navn: Mads Møkkelgård Øyum
E-post: mads.oyum@outlook.com
Telefon: +4797412865
Rolle: Leiar

Finn oss her