Ingvild Vikingsen Skogestad

Det starta som pilotprosjekt med ein time koding i veka for alle digitale klassar på Knappskog skule. No kurser eldre elevar yngre elevar, fleire lærarar lærer seg koding, piloten har gått inn i fast drift og ein har fått til samarbeid med stor IT-bedrift i kommunen. Les gjesteblogginnlegget til lærar Ingvild Vikingsen Skogestad om korleis ein kan få det til.

 

Digg Læring

Digg Læring er eit digitaliseringsprosjekt på Knappskog skule, ein barneskule i Fjell kommune utanfor Bergen. I Digg Læring er pedagogikken i hovudsetet og vi prøver å frigjere oss frå lærebøkene for å skape meir motivasjon, meistring og læring. I staden for lærebøker har elevane kvar si digitale eining. Skulen går for iPad på småtrinnet og Surface for mellomtrinnet.

Digg læring starta opp som pilotprosjekt hausten 2015. Då starta dåverande 5.trinn opp med 1:1 dekning Surface og innføringsklassa på skulen med 1:1 iPad. Hausten 2016 vart prosjektet utvida med nytt 5.trinn på Surface og 1. trinn på iPad. I løpet av skuleåret 2016/2017 har 2. og 3. trinn og starta opp med iPad og prosjektet har gått over frå å vere pilotprosjekt til å bli ordinær drift. Knappskog skule ligg langt framme i digitaliseringa, men kommunen elles er også på veg til å bli digitalisert og har fleire klasser på mellomtrinn og ungdomstrinn med 1:1 Surface.

Oppstart

I planleggingsfasen av pilotprosjektet var vi einige om at vi ville satse på å ha ein time koding på timeplanen i veka. Dette var ein ide vi fekk full støtte på frå leiinga, og vi fekk då signal om å bruke litt av kunst & handverkstida på dette. At vi valde å satse på koding var eigentleg tilfeldig, det starta med at eg las eit innlegg på Lærerbloggen i mai 2015. Koding var ikkje noko vi hadde vore borte i før eller hadde noko kunnskap om.  Vi starta opp med code studio-opplegg og blokkoding der. Før vi starta låg eg berre tre leksjonar framfor elevane mine. På den måten har eg som lærar lært å kode samtidig som elevane mine. I løpet av hausten 2015 vart det meir og meir blest om koding i media og på skulen. 5.trinn deltok på kodetimen i desember og i tillegg fekk alle mellomtrinnselevane prøvd koding som stasjon på juleverkstad. Dette skuleåret fekk vi og til eit samarbeid med ei stor lokal IT-bedrift som heiter Acos. I løpet av vinteren hadde vi eit personalmøte der alle lærarane gjennomførte eit av kodetimeopplegga på code.org. I tillegg var elevane mine rundt i dei fleste småtrinnsklasser og hjelpte dei gjennom kodetimeopplegg ved hjelp av fadderkoding. Dette var stor suksess!

Fadderkoding

 

 

 

 

 

5.trinn

5.trinn starta opp med code studio-opplegg og gjekk så vidare til kodestudioet scratch.mit.edu. I starten brukte vi opplegga til Kodeklubben før elevane mine fekk lov å kode sine eigne ting. I slutten av skuleåret hadde vi ei tverrfagleg oppgåve der elevane skreiv forteljing i norsk for så å kode ein animasjon i Scratch. På slutten av skuleåret var vi på besøk hos samarbeidsbedrifta vår Acos. Der fekk vi informasjon om Acos og ein programmerar viste døme på korleis han programmerte. Det var tydleg at elevane mine då såg ein samanheng mellom den kodinga dei hadde gjort i Scratch og den skriftkodinga programmeraren brukte. Besøket var veldig motiverande og elevane mine fekk også vist fram litt av det dei hadde jobba med.

På besøk hos Acos. Vi får vise fram litt av det vi har koda på skulen

Elevforutsetningar

I koding, som i alle andre ting vi gjer på skulen, er det forskjell på elevar. Ved å bruke eit blokkbasert kodespråk som Scratch opplevde eg at alle elevar klarte å kode. Nokre elevar opparbeida seg raskt kompetanse og såg moglegheitene i kodespråket. Dette var både blant gutane og jentene. Andre heldt seg til basic koding, men dei klarte å kode! Dei som var komne langt, hjelpte då dei andre. Og for meg som lærar var desse elevane viktige ressurspersonar. Koding handlar mykje om å tørre å kaste seg uti noko ein som lærar ikkje har kompetanse på, men som ein saman med elevane skaffar seg kompetanse på. Teknologien er i så stor utvikling, at vi ikkje alltid kan lære alt før vi lærer vidare til elevane. Vi må tørre å bevege oss ut av komfortsona og heller la elevane lære oss noko av og til. I tillegg er det greitt som lærar å ha ein tryggleik på at vi har lært å lære, og difor er i stand til å setje oss inn i det nye ved behov når vi går inn for det. I koding er det og greitt å differensiere ved at enkelte brukar ferdige spel og animasjonar for så gå inn for å forandre litt, medan andre kodar heilt på eigenhand. På kodeklubben er det og mange gode instruksjonar og oppskrifter tilgjengeleg, slik at dei som treng det lett kan kome i gang. For mange er det lurt å alltid starte med ein slik instruksjon før ein går over på å lage noko sjølv.

Kodeplan

I slutten av førre skuleår utarbeida eg også ein kodeplan for heile skulen, inspirert av Espen Clausen sin kodeplan for Grinde skule. Det vart også utarbeida mål og plan for heile kommunen. Måla for skulen var at heile skulen skulle delta på kodetimen 2016 og at alle digitale klasser skulle ha koding på timeplanen på vekes basis. For kommunen var målet at alle digitale klasser skulle delta på kodetimen. Dette målet vart og formidla til alle nye lærarar for digitale klasser. Kodeplanen tok blant anna for seg kvifor vi skal ha koding på timeplanen og ein kodeprogresjon med forslag til aktivitetar frå 1. til 7. trinn. Planen må reviderast etter kvart, og har allereie hatt si første revidering.Under ligg døme på språk/aktivitetar for mellomtrinnet.

Trinn Kodespråk Kva
5.trinn Scratch

og/eller MakeyMakey

–        Starte med leksjonar på code.org.

–        Gå vidare til kodestudioet www.scratch.mit.edu og lage minst 3 spel etter instruksjon www.kodeklubben.no

–        Lage eigne spel og animasjonar

–        http://www.makeymakey.com/ – lage sin eigen joystick /touchpad

6.trinn Microbit,

Tynker

Og/eller

ComputerCraft

 

 

–        Micro:bit er en mikrokontroller. Den kan programmeres både med blokker som i Scratch eller med tekstbaserte språk som Python og JavaScript. Micro:bit har innebygd LED-matrise, knapper, gyroskop, Bluetooth, temperaturmåler osv,

–        https://kodeklubben.github.io/microbit/index.html

–        https://www.tynker.com/

–        Bruke ComputerCraft  (ein mod til Minecraft) til å kode i Minecraft http://kodeklubben.github.io/computercraft/index.html (lett)

7.trinn Arduino,

Droner (Tynker)

og/eller

Raspberry pi

 

–        https://kodeklubben.github.io/arduino/index.html

–        https://www.tynker.com/

–        Bruke Raspberry pi (ei lita datamaskin) til å programmere td ein radiostyrt bil. https://kodegenet.no/track/raspberrypi (avansert)

 

Skuleåret 2016/2017

I dette skuleåret har fleire klasser blitt digitale. Pr dags dato har 1. 3. 5. og 6. trinn koding på timeplanen kvar veke. Det er håp om at 2. 4. og 7. startar opp i løpet av våren. Skulen har også gått til innkjøp av fleire kodedingsar. Vi har fått Makey Makey, Micro:bit, Arduino og Raspberry Pi. Dei to førstnemnde er allereie blitt tatt i bruk, og alle er blitt skrivne inn i kodeplanen. Vi har og blitt forespeila Parrot-droner som blir koda i Tynker. Desse kodedingsane er det sett av tid av fellestid for personalet til å gå igjennom. Målet er at dei fleste lærarane denne ettermiddagen skal få prøve seg på koding i Micro:bit. Kodesatsinga vår har også blitt presentert til andre i ein presentasjon vi hadde av Digg Læring-prosjektet i januar i år. Vi håper at våre erfaringar med koding vil få andre skular i området til å kode. Heile skulen vår deltok i kodetimen i 2016 og vi gjekk og sterkt ut å anbefalte andre å delta. Ut frå påmeldinga til kodetimen såg det heldigvis ut til at mange av skulane i kommunen følgde denne oppfordringa. Dei små som kodar på iPad har stort sett konsentrert seg om code.org sine leksjonar og kodetimeopplegg + appen Kodable. Planen er også å bruke Makey Makey til å skape undring.

1. trinn kodar i Kodable på iPad

 

 

3.trinn i djup konsentrasjon

 

Micro:bit

På 6.trinn starta vi året med å repetere koding i Scratch. Vi har hatt ein liten periode med Kodu før vi gjekk over på Micro:bit. Fleire av lærarane på skulen var så heldige å få vere med på Lær kidsa koding sitt Micro:bit-kurs på Høgskulen på Vestlandet. Vi har i etterkant kjøpt inn eit halvt klassesett med Micro:bit. Etter jul har halve 6.trinn jobba med denne og alle har no koda terning. Nokre vel å jobbe to og to, andre ønskjer å jobbe åleine. Dei fleste brukte oppskrift, men nokre ønska sjølv å finne ut av det. Micro:bit er kjekt fordi det skal så veldig lite til for å få til eit kult resultat. Sidan Micro:biten kan kodast med ulike språk er det og enkelt å differensiere og elevar som er interesserte i koding og som har kome lengre enn dei andre, kan velje å kode med skrift. Det er også enklare å sjå samanhengen mellom blokkoding og skriftkoding. Eg har nettopp hatt studentar frå Høgskulen på Vestlandet, då sette eg elevane mine til å lære studentane mine å kode Micro:bit.

 

Elevane mine lærer studentane mine korleis ein kodar ein Micro:bit

 

 

 

Skule-næringslivssamarbeid

I regionen vår har vi eit godt skule-næringslivssamarbeid, kalla Kunnskapsregionen i Vest. Målet her er at vi skal utruste elevane våre med den teknologien næringslivet vårt treng i framtida. Dette samarbeidet gjorde at nokre av elevane mine fekk lov å stille ut ein oljeboringssimulator koda i Scratch og styrt av ein Makey Makey på ei stor internasjonal offshore og oljemesse, OTD-messa. Enkelte av elevane mine har vist meir interesse for koding enn andre, og nokre av, desse vart då valt ut til å kode denne simulatoren. Tre jenter fekk i oppdrag å finne ut korleis ein Makey Makey verka, for å også kunne forklare dette vidare. Tre gutar fekk i oppdrag å kode simulatoren ut frå ein bakgrunnsremix eg fann på scratch.mit.edu. Simulatoren vart koda til å bli styrt av piltastane. Elevane fekk ei veke på seg, og utførte oppgåva med glans. Det var veldig fascinerande å observere utviklinga av produktet og overhøyre samtalane dei i mellom. Messa vart opna av Erna Solberg, og ho var innom standen vår og bora etter olje ved hjelp av banan og eple. Det var jamt over mange vaksne innom standen vår, og mange var tydeleg imponert over innsatsen elevane hadde gjort. Eg hadde også elevar på messa som forklarte kodinga og kva dei hadde laga på engelsk til internasjonale deltakarar.

Dei stolte kodarane på OTD- messa

Erna Solberg prøver oljeboringssimulatoren

 

 

 

 

 

 

 

Energimesse

I mars skal årets 5.trinn delta på ei energimesse saman med andre klasser frå mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande skule i regionen. Målet er då at dei skal stille ut tre kodingar om energi styrt av Makey Makey. I fjor deltok 5.trinn med eit stort Minecraftprosjekt og 3Dprintingar av Minecraftbygg om Knappskog som berekraftig samfunn i framtida.

Klare for utstilling på Energimessa i 2016

 

Oppsummering

Raskt oppsummert kan ein seie at kodinga på skulen vår starta som ein tilfeldigheit hausten for halvannan år sidan, men har no ført til at alle elevar og lærarar har koda, mange av dei gjer det no kvar veke. Viktig for at vi har lukkast har vore ei leiing som har våga å satse på teknologien og at vi som lærarar får lov å gjennomføre prosjekt vi har trua på. Vi byrja i det små og har fått dele erfaringar med kvarandre som gjer at andre lærarar har lyst å starte. For å få med andre lærarar og klasser har dei som allereie har vore i gang bidratt i oppstartsfasen der det har vore behov. Viktig for å lukkast er ein kultur på skulen der ein deler og hjelper kvarandre og der det er heilt ok å spørje om hjelp! I tillegg til dette gir skule-næringslivssamarbeidet oss uante moglegheiter, og det blir spanande å sjå kva framtida vil bringe for både prosjektet og regionen vår.

 

Ingvild Vikingsen Skogestad, Kontaktlærar 6.trinn Knappskog skule
Twitter: @digglaering

Stikkord: